Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search

Southern Norway Agder VALLE

Sykkeltur; Sanden Såre, Valle

  • Nordibøveien, Valle
  • +47 94503280
  •  /  km From You
Overview

Turen går 6,3 km. nordover på Rv9 til bobil-parkeringen "Sanden Såre". Fyrste del av turen følgjer gang- og sykkelvegen til Honnevje raste- og badeplass. Deretter fylgjer du store delar av turen på Rv. 9.

Turen går på gang- og sykkelvegen mot nord langs Rv. 9 til Honnevje raste- og badeplass. Vidare på Rv. 9 til avkøyrsla til Røysland. Du syklar gjennom grenda Dale med tradisjonelle setesdalshus og galleri på Systog Dale. Vidare til Løyland og Røysland, der du tar til høgre og syklar ein skogssti til hengebrua som går over Otra. Her svingar du til venstre ut på Rv. 9 nordover, og tar deretter fyrste veg til venstre. Du fylgjer denne grus-vegen gjennom bubilområdet Sanden Såre, før du svingar ut på Rv. 9 og set kursen mot Valle.

Dersom du ynskjer ein lengre tur, kan du ta av til venstre mot turvegen Gloppefoss. Turen går så til Flateland, der du kan fylgje ein skogssti langs elva og kjem inn på Rv. 9 sør for sentrum. Vidare mot sør til avkøyrsla til venstre mot Homme. Denne vegen fylgjer du attende til Valle.   

Turen er ikkje egna for små barn.


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal
  • onsdag
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages