There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.
På Brokkestøylen kan du setje opp telt, plassere bubilen, eller leige ei av campinghyttene. I kaféen servereres det mat med fokus på sunne, kortreiste råvarer og originalitet.
Brokkestøylen er ein koseleg støyl som ligg midt mellom hyttefelta i Brokke. Ein ypperleg plass å kvile etter ein skitur eller fjelltur i umiddelbar nærleik.
Mange tek turen innom for å smake på spesialiteten deira, setervaffel med heimelaga syltetøy, rjome og lammekjøtt frå "Heimigard" som er ein lokal kjøt-produsent.
Brokkestøylen har to utleigehytter med enkel standard og santitærfasiliteter i låven som ligg like ved. Desse hyttene er tilgjengeleg for utleige heile året. Det er ei hytte med tre sengeplasser og den andre med fire sengeplasser. Hyttene har kjøleskap og vannkoker.
Sommerstid er det god plass for å setje opp telt og parkere bubil i desse vakre omgjevnader!
Ta kontakt for prisar og booking.
Brokkestøylen skreddarsyr alle typer arrangement for små og store grupper, privat eller bedrifter. Dei arrangerer kurs og toppturer i nærområdet gjennom heile året.