There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.
Tekst: André Vaaler, 07 media
Foto: Kirud
Nicolai Brenna Ertzeid er klar for årets festival, og han fortel at ein del av feiringa er å invitere på nytt artistar som har gjesta festivalen tidlegare.
- MK’s Marvellous Medicine gjorde stort inntrykk på Rekordfestivalen i 2016, og dei spelar i år på fredagen, noko vi gler oss veldig til. I tillegg har vi invitert tilbake Kjetil Grande, Kristiansands gitarkonge, saman med sin gode venn og musikar Stein Roger Sordal. I tillegg til at bandet Sordal skal spele tidlegare på kvelden, har vi fått i stand Grande & Sordal, som med band skal spele favorittane sine innan Classic Rock. Dei byr på alt frå Dylan til Led Zeppelin og lover ei fabelaktig avslutning på rekordfestivalen 2018, fortel festivalsjefen.
Det var hausten 2008 det heile starta. Ingvild Hovden var på kurs i «opplevings-produksjon.» Ho laga ein case og etter kvart blei idéane om ein festival verkleggjorde. Etter åtte år som festivalsjef, gav ho ansvaret over til han som var områdeansvarleg, Nicolai Brenna Ertzeid.
Rekordfestivalen er basert på frivillige, og Ingvild trekkjer fram fellesskapet og det å oppleve nye og gode sider ved Hovden som det beste ved festivalen. Nicolai Brenna Ertzeid har teke over etter henne, og Ingvild ønskjer den nye generalen lukke til vidare.
- Eg ønskjer Nicolai og hjelparane hans verkeleg lukke til og håper dei tek med seg verdiane og tankane frå festivalen vidare, avsluttar ho.
Ertzeid gler seg til årets festival.
- Eg gler meg kvart år til rigginga, arrangementet og ikkje minst til å vere saman med gjengen her oppe. Vi vil vidareføre stemninga og verdiane frå oppstarten. Årets program kjem til å oppmuntre mange, både gamle og unge, avsluttar han.
Fredag:
Bjørn Eidsvåg
VIAN
MK`s Marvellous Medecine
Laurdag:
Múrtebandet
Sordal
Fieh
TBA
Grande & Sordals Classic Rock
Setesdal har en lang historie og er rik på interessante fortellinger. På denne siden ønsker vi å presentere noen smakebiter fra Setesdal. Gjennom fortellingene ønsker vi å gi deg en god opplevelse av Setesdal.
Go to: Historier fra SetesdalSetesdal har en lang historie og er rik på interessante fortellinger. På denne siden ønsker vi å presentere noen smakebiter fra Setesdal. Gjennom fortellingene ønsker vi å gi deg en god opplevelse av Setesdal.