There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.
Tekst: André Vaaler 07 Media
Foto: Janne Grundetjern
Bygde i 1915
Kraftstasjonen er teikna av arkitekt Kristian Hjalmar Biong, og har forblending i naturstein, med rike detaljar. Sjølve murarbeidet skal ha blitt utført av den kjende gråsteins-murmeistaren Gunnar Larsen frå Evje.
Kraftverket blei bygt i 1915. Staten vedtok å bygge kraftverket for at tuberkulosesanatoriet i Landeskogen skulle få straum, og opphavleg hadde det tre aggregat. Produksjonen starta i 1916.
Balanserte på Røyrgatene
Sigrid Lunden har gode minne frå kraftverket.
- Eg hugsar godt at eg og mi syster i ungdommen sneik oss opp og skremde vettet av vakta i kraftverket. Vi lurte oss til å balansere på røyrgatene, og det var ein spennande stad for oss i ungdomstida, fortel ho.
Vasskraftverket ligg ved Longerak i Bygland kommune. Kraftverket utnyttar eit fall på 300 meter frå reguleringsmagasinet Langeraksvatn.
- Vi brukte vegen opp frå Kraftverket når vi skulle til Støylen på sommaren. Vegen til fjells blei mykje lettare. Historiene er mange rundt det spesielle bygget der oppe, seier ho.
I 1925 tok Noregs vassdrags- og elektrisitetsdirektorat over kraftverket, og i 1962 gjekk det over til Aust-Agder Kraftverk. Frå 2001 er det i Agder Energi si eige.
Setesdal har en lang historie og er rik på interessante fortellinger. På denne siden ønsker vi å presentere noen smakebiter fra Setesdal. Gjennom fortellingene ønsker vi å gi deg en god opplevelse av Setesdal.
Go to: Historier fra SetesdalSetesdal har en lang historie og er rik på interessante fortellinger. På denne siden ønsker vi å presentere noen smakebiter fra Setesdal. Gjennom fortellingene ønsker vi å gi deg en god opplevelse av Setesdal.
Tilbake til toppen