There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.
DET VAR BERRE 200 FISK ATT
Geir Solberg har framleis eit stort hjarte for Byglandsfjordbleka. Etter at han tok hovudfag i biologi, fekk han jobb på settefiskeanlegget på Bygland i 1985. I 1996 var han med på oppstarten av anlegget på Syrtveit litt nord for Evje.
Laksen blei altså værande i Byglandsfjorden. No lever etterkomarane i Byglandsfjorden, og det i beste velgåande. På eit tidspunkt var det berre 200 fisk igjen, og den sjeldne arten var truga. Men no er fisken tilbake for alvor, og innsatsen har vore stor frå veldig mange.
Solberg fortel: - I ein populasjon av fisk er det alltid somme som ikkje følgjer straumen, og dei som ikkje gjekk ut mot det store havet den gongen, blei grunnleggjarane av Byglandsfjordbleka slik vi kjenner ho i dag. Eg har alltid vore interessert i å fiske, og det å følgje opp Bleka er spennande, seier Solberg.
Kvifor var det ein gjeng som blei igjen i fjorden? Såg dei for seg at dette ville kome? Her er det like mange spørsmål som svar.
For det er laks, Salmo Salar, vi snakkar om. Det er ikkje ein variant av aure. Bleka lever heile livet sitt i Byglandsfjorden og Åraksbøfjorden. Bleka et plankton, gyter der og lever livet som om Byglandsfjorden var eit av dei store verdshava. Om vinteren set Bleka på sparebluss og sparer krefter til jakta på plankton, og kanskje ein make, startar.
- Frå gamalt av gjekk Bleka opp mot Valle for å gyte, eller ned i Byglandsfjorden, og genetikken tilseier kvar dei går. Dei gjer som laksen og går dit dei er fødde og der dei er klekt ut for aller fyrste gong. Bleka gyter i rennande vatn, seier Solberg.
Det er fem stader i Europa der du kan finne tilsvarande laks som liknar noko på Byglandsfjordbleka. Ein av desse artane er Namsblanken, som lever i Namsenvassdraget.
Frå gamalt av har det alltid vore sagt at Bleka gyter tre veker før jul, og Solberg seier at dette framleis stemmer.
Kart som viser blekas opprinnelige utbreiingsområde. Fargekodane viser status for naturlig rekruttering i dagens situasjon. Den naturlege reproduksjonen er låg og førekjem i hovudsak i Byglandsfjorden
Solberg deler gjerne fiskeplassane sine dersom turistane vil stoppe bubilen eller ha ein pause på veg nordover eller mot sør.
- Du kan fiske med stong, men det beste er nok å fiske med oter. Eg tilrår å ro sakte med fleire fluger ute. Det kan vere ei fin naturoppleving, og når Bleka bit, så merkar du at den bit på den særeigne måten sin. Det er meir liv i fisken enn i auren, seier han.
Han fortel om Dalebukta, men tek oss med til eit av dei verkelege goda plassane. Rakkenes, som ligg rett føre Longerak. Han peikar, fortel og legg alle løyndomane vekk.
- Tenk om folk blir eit døgn ekstra på grunn av Bleka. Det hadde betydd mykje for Setesdal, avsluttar han.
Tekst: André Vaaler, 07 Media
Foto: Janne Grundetjern, 07 Media
I Setesdal er det mange fiskeplassar, både langs Otra og i fjellvatn.
Nokre stader er det forbode å fiske og du bør gjere deg kjend med dette før du slenger ut det fyrste kastet med stonga.
Alle over 16 år må ha fiskekort.
Les meir om fiske her
Setesdal har en lang historie og er rik på interessante fortellinger. På denne siden ønsker vi å presentere noen smakebiter fra Setesdal. Gjennom fortellingene ønsker vi å gi deg en god opplevelse av Setesdal.
Go to: Historier fra SetesdalSetesdal har en lang historie og er rik på interessante fortellinger. På denne siden ønsker vi å presentere noen smakebiter fra Setesdal. Gjennom fortellingene ønsker vi å gi deg en god opplevelse av Setesdal.
Tilbake til toppen