Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Southern Norway Agder BYKLE

Viking & Villrein - Haustmarknad 2022

  • Hegni friluftsområde, Hovden i Setesdal
  • +47 48227235
  • 8. oktober 2022
  •  /  11:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

Opplev, prøv, smak og lær. Slå av ein prat eller gjer ein god handel.

Velkommen til haustmarknad i regi av Viking & Villrein!

Vi inviterar til ein flott dag med aktivitetar, konsert og moglegheit for utstillarar å selge sine produkt i Hegni friluftsområde på Hovden.

Her kan store og små, unge og gamle, teste ut smiing og ildopptenning med eldstål, få omvisning på Jernvinnemuseet, prøve seg på lassokasting og skyting med pil og boge. Forskjellig mat blir det også å få kjøpt, blant anna blir det matlaging i kokegrop - slik ein gjerne lagde maten i eldgamle tider.

Vil du teste ut vekta på ryggsekken til ein reinsdyrjeger som har hatt hell på jakt? Eller høyre meir om "urdyret" og den heilt unike villreinen som fekk folk til å busette seg i områda våre etter siste istid? Det finnes mange kulturminner i fjellet, meir eller mindre kjente, som fortel historiar. Dette og anna blir det også moglegheit for å få eit innblikk i.

Så ser vi fram til konsert med Kim Rysstad og Trym Bjønnes, sjå eige arrangement for meir info om dette.

Vi ser også på moglegheiten for å få til div. kurs/opplæring. Kanskje får vi til eit munnharpekurs, kurs i laging av "vikingmat", handtverkstradisjonar eller anna.

Fleire detaljar om programmet blir publisert etter kvart.

  • Last Updated: 06.08.2022
  • Source: Setesdal
Dates

lø. 8. oktober 2022 11:00 18:00

See All
Viking & Villrein - Haustmarknad 2022
Your Recently Viewed Pages