There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.
Gardsområde frå eldre jernalder.
Øydegarden Sosteli er ein av dei best bevarte jernaldergardane i Europa. Sosteli var i drift nesten samanhengande frå om lag Kristi fødsel til år 1000 e.Kr.
Oppe under fjellet kan ein framleis sjå tydelege spor etter gamle hustufter, åkrar og steingjerde som er vel to tusen år gamle. Området vart utgravd i perioden 1946-1949. Arkeologiske funn syner at gardsfolket dreiv med jernvinne og fangst i tillegg til vanleg gardsdrift med åkerbruk og husdyrhald.
Det er om lag 2 km frå Kyrkjebygda til Sosteli. Sjekk www.laguide.no/sosteli for meir info!