There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.
I øvre Setesdal, omlag 2 km nord for Valle sentrum finn du Honnevje raste- og badeplass. Plassen har flotte svaberg og vart kåra til Noregs finaste rasteplass av NAF i 2011.
Her er fantastisk ein varm sommardag.
Toalettanlegg og parkeringsplass inntil vegen.
Plassen eignar seg best for dei som ikkje har små barn. Då vil me heller anbefale Marhyl badeplass med flotte sandstrender. Marhyl ligg like ved Brokke kraftverk på Nomeland.