Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Southern Norway Agder ARENDAL

PIDER RO

Overview

DET FORONDERLIGSTE E HAR OPPLEVA

Boka "Pider Ro's historier. Om hans forunderlige oplevelser tillands og tilvanns" blei utgitt i 1905. Gabriel Scott valte å utgi boka under pseudonymet Finn Fogg. I forordet fortel Scott om Pider.

Scott seier at Pider Ro var ein verkeleg figur. Pider hadde aldri vore til sjøs, seier Scott. Men han var stadig saman med sjøfolk, som han blei en slags losfisk for og hjalp til med losji og andre behov. Pider var som ein fastbuande lausgjengar. Best likte han seg når han kunne fortelle med ein flokk omkring seg. Historiene kunne være hårreisande grove, så de ikkje eigna seg for trykk, fortel Scott, som ofte besøkte Pider og hunden Ludafisk om bord på skøyta. Det glimta lønsk i augene hans når han lyktest med poenga og kjente skapergleda risle gjennom seg. Han hadde ei utprega fabulerende evne, var utruleg oppfinnsam og varierte historiene så dei fantest i mange versjonar.

Skodespelaren Lars Emil Nielsen bur i Lillesand. Kvar sommer jobber han i sommershowet «På nyklipte stier». Han har tidlegare arbeidd mange år på Kilden Teater og konserthus.

Musikaren Svein-Helge Vikse arbeider både som gitarlærer og freelance musikar i mange settingar. Blant anna med sin flamencoduo «Duo del flamenco», som musikar for cruiseturistane i Kristiansand havn, teatermusikar, og som akustisk gitarist for diverse artistar.

Lars Emil Nielsen og Svein-Helge Vikse har jobba mykje saman, bla. i 2020 og 2021 på Kilden med teaterforestillinga «To i båden - Sørlandsvisa 100 år» samt ei rekke Kilden-forestillingar i samband med 150 års-jubileet til Vilhelm Krag.

  • Last Updated: 26.01.2023
  • Source: Arendal Turistkontor
Dates

ti. 11. april 2023 19:00 20:30

See All
PIDER RO
Your Recently Viewed Pages