
Kunstgalleriet på HillestadFoto: Hillestad
Her kan alle frå den kunstinteresserte til den som vil oppleve vakker natur, nyte ein fridag og få ei stemning som lokkar fram kvilepulsen og eit sukk av velvære.
Du kan leike i leikeparken, bade i Tovdalselva eller gå på fjelltur i bratte fjell og høge heiområde. Bak den urnorske gardsfasaden, gøymer det seg eit moderne kunstgalleri med varierande kunstutstillingar. Like ved har Hillestad også produksjonen av Hillestadsmykka i moderne lokale. I galleriet kan alle sjå framifrå kunst. På dette spennande galleriet, med eit særmerkt, heilnorsk preg, kan ein nyte og kjøpe vakker kunst og kunsthandtverk av beste kvalitet. Heile kolleksjonen av smykkene i tinn, bronse og sølv er utstilt.
Les mer om Hillestad Galleri.
Utanfor galleriet er leikeparken, med nifse rutsjebanar, naturløype og bålplass, som alle kan bruke. Kaffe, heimlaga rundstykke og den vidgjetne kringla er å få kjøpt. Ved galleriet finn du au ein kunststi, med små og store kunstverk installert ute i naturen.
Hillestad Feriesenter
Tett med det vakre Tveitvatnet ligg 6 luksuriøse og romslege feriehus på 180 kvm. Alle med fem soverom , svømmebasseng, boblebad, sauna, 2 bad peis, TV, DVD. Til kvart hus høyrer eigen båt til bruk for gjestene, ta med fiskestanga det er aure og røye i elva. Nede med vatnet finn du au ei barnevennlig sandstrand. Det er også mulig å leige nye flotte hytter på Hillestadheia. Velutrusta hytter med plass til 8 – 12 personer.
Les mer om Hillestad Feriesenter.
Hillestadheia
Turløype frå Hillestad Galleri og opp til Lindeknuten, eller køyr opp den flotte vegen som slynger seg som rosemåling opp heia, og gå derifrå til topps. Om vinteren kan ein boltre seg i 25 km med preparerte skiløyper. Parkeringsplass på toppen av heia. Vegavgift inkl. parkering kr. 50 og skiløypeavgift kr. 20. Velkommen til eit eventyr i fjellet.
Utskriftsvennlig